Mobbing – mi historie (Maryanne 18 år)

On 13. august 2012
IMG_6471 kopi

Illustrerende bilde: Andreas Bakkebø, Bakkebophotography

Då eg gjekk i sjette og sjuande klasse, strekte mobbinga seg til eit nytt nivå. Mine såkalla ”beste” venner på skulen, stengde meg ute. Baktalinga nådde nye høgder og eg vart bombadert med stygge kommentarar. Eg var ein svært sta person, og nekta meg sjølv å ta ting til meg. Sjølv om eg eigentleg visste at dei ”beste” vennene mine ikkje ville ha noko med meg å gjera, klarte eg ikkje å tru det. Det enda med at eg gjekk etter dei i friminutta og prøvde å integrera meg i samtalane deira. Eg gjorde det ikkje for å plaga dei, eg gjorde det for eg trudde det heile var ein slags vond spøk. Eg ville ikkje innrømma overfor meg sjølv at dei faktisk ikkje ville ha noko med meg å gjera, at dei meinte alvor.

Etterkvart klaga dei til lærarane, ”Maryanne diltar etter oss heile tida, me synast det er skikkeleg ubehageleg”. Lærarane tok dei seriøst, arrangerte møte med alle saman – meg og mobbarane. På møta var dei alltid i fleirtal, ergo lærarane lytta til dei. Når fem personar fortel same historia og ein kjem med ei anna, er det mest sannsynleg at fleirtalet har rett. Då eg prøvde å snakka med lærarane aleine, fekk eg beskjed om at dette berre var ei forbigåande konflikt – alle opplevde dette frå tid til annan og det var ingen grunn til å ropa ulv. Dei sa eg overreagerte. Dersom eg trudde eg vart mobba var eg dum. Dei nekta å høyra mi side av saka, dei fortalde støtt og stadig at på vår skule var det ingen mobbing.

Friminutta var reine mareritta. Dei iskalde blikka stakk meg som knivar i hjarta, dei hjarteskjerande kommentarane ruinerte meg innvendig. Eg var alltid den siste til å gå ut, brukte lengst mogleg tid på å rydda pulten. Lærarane jaga meg ut i garderoben – klasseromma skulle låsast og dei skulle ha pause. Å knyta skoa tok uendeleg lang tid, likeså å ta på jakka. Òg her vart eg jaga ut – elevane skulle vera ute i friminutta. Det var strengt forbode å opphalda seg inne – ingen unnskyldning. Eg stod alltid rett utanfor døra. Granska skotuppane mine millimeter for millimeter og beit sundt fingrane. Med det same det ringte inn, nærmast storma eg inn i garderoben.

Eg fekk lappar. Rosa og gule handskrivne lappar med negative kommentarar, truslar og stygge ord. Lappane låg ofte i postkassa, somme gonger viss me ikkje hadde låst døra til vaskerommet kunne dei liggja gøymt i sko som stod der, kanskje var brev i postkassa opna og lappane plassert inni. Enkelte gonger medan eg åt middag venta ”venninna” mi (les: ein av mobbarane) på rommet mitt, då kunne eg finna lappar på pulten, gøymd i kommodar, under lakenet, inni putetrekket – overalt på meir og mindre gøymde stader. Kanskje tenkjer du eg var dum som framleis var med henne, men alle fortalde meg jo at dette ikkje var mobbing! Eg visste rett og slett ikkje betre.

Mobbinga fekk mange konsekvensar: Eg mista heile matlysten, og klarte rett og slett ikkje eta. Dersom eg greidde pressa i meg ei halv skive, vart det etterfulgt av mange brekningar – uprovoserte. Målet mitt var aldri  å gå ned i vekt, men eg klarte ikkje å ta til meg næring. Eg var heller ikkje gammal første gongen eg tenkte på døden som noko positivt, at det å ta mitt eige liv ville vera befriande. Eg har aldri vore ein person som grein, men i denne perioden grein eg dagleg. Kvar einaste natt var puta gjennomblaut og augene var hovne – ikkje av allergi, men av tårer.

Til tider nekta eg å gå på skulen, eg greidde det berre ikkje. Mor måtte informera rektor om grunnen til eg ikkje møtte opp, han tok det vidare til assisterande rektor som hadde vore på mange kurs om ”jentemobbing”. For første gong fekk eg ei stadfesting på at dette faktisk var mobbing, det var ikkje berre eg som overreagerte. Det hadde likevel gått alt for lang tid til at eg klarte tru det. Sjølvtilliten hadde blitt så brutalt øydelagd at det skulle meir til enn litt stadfesting frå ei einaste dame for å reparera den.


Send inn DIN historie også! Du velger om du vil være anonym.
  • Ved å dele erfaringen din kan du hjelpe andre ungdommer i samme situasjon og spre håp, kunnskap og åpenhet blant unge mennesker.

One Response to “Mobbing – mi historie (Maryanne 18 år)”

  • Det er så vondt å se hvordan noen ikke tenker på at de FAKTISK mobber og ødelegger andres liv! Noen må bøte med det mens andre er helt ignorante på hva de gjør… Stå på, Maryanne!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Unable to load the Are You a Human PlayThru™. Please contact the site owner to report the problem.